|
|
Borch greitt til semifinale Kjetil Borch i singlesculler hadde ingen problem med å ta seg til semifinale i ro-VM etter å ha vunne sitt kvartfinaleheat.
Sølvvinnaren frå i OL i fjor hadde berre japanske Ryuta Arakawa framfor seg halvvegs, men ingen klarte å matche nordmannens tempo dei siste 500 meterane.
Dei tre beste frå kvart heat gjekk til semifinalen som går fredag. A-finalen går søndag.
Tiden til Borch var på 6.53, og det same hadde newzealendaren Jordan Perry i det førre heatet. Nederlandske Melvin Twellaar hadde den raskaste tida i kvartfinalen med 6.51.
I lettvekt singlesculler var Oskar Sødal sjanselaus på ein semifinale. Han enda nest sist i sitt heat og skal ro semifinale om å nå ein C- eller D-finale. |
Publisert: 08:42 21-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-09-2022 klokken 11:33. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/borch-greitt-til-semifinale-1.16111661 Artikkelen har til nå hatt 104 visninger og 1 klikk.
|
|
|