|
|
Ronaldo vil til EM 2024 Stjernespissen Cristiano Ronaldo (37) la fram ønskjet då han tysdag snakka på ein galla i regi av Portugals fotballforbund.
– Eg håper å vere ein del av landslaget i nokre år til. Eg kjenner meg framleis motivert, og ambisjonane mine er høge. Mi tid på landslaget er ikkje over. Vi har mange unge spelarar med kvalitet. Eg skal vere med i VM, og eg ønskjer å vere med i EM, sa Ronaldo, ifølgje avisa Renascenca.
– Det er ikkje overraskande. Han har tidlegare sagt at han vil halde på til han er 40, seier NRKs fotballekspert Thore Haugstad.
Ronaldo er den mestscorande EM-spelaren i historia med 14 mål på 25 kampar.
– Eg trur han er oppteken av sitt eige ettermæle, og derfor jagar rekordar - både scoringar og tal på meisterskapsdeltakingar og meisterligakampar. Han vil prøve å byggje på sie eigne rekordar sp lenge han har sjansen, meiner Haugstad. |
Publisert: 09:52 21-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-09-2022 klokken 12:25. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ronaldo-vil-til-em-2024-1.16111865 Artikkelen har til nå hatt 104 visninger og 7 klikk.
|
|
|