|
|
Fryktar Haalands "laserstyrte missil" Korleis stoppe Erling Braut Haaland? Det er det store samtaleemnet i Slovenia om dagen. Det er Haaland-stoff nesten over alt i slovenske medium for tida.
Ei av Slovenias største aviser, Delo, fortel om detaljstyrte økter der Haaland får mykje merksemd. Landslagssjefen i slovenarane Matjaž Kek har drilla defensiven til laget i fleire dagar allereie.
– Han ønskjer å smi saman eit forsvar som skal stå imot «dei laserstyrte missila» Haaland har i beina. Kven skal stoppe snikskyttaren Haaland?, skriv Delo.
Slovenia heldt Noreg til 0-0 i Oslo i juni. Kek håpar same oppskrift skal rekke til eit godt resultat også på heimebane. |
Publisert: 06:36 22-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 22-09-2022 klokken 08:43. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/fryktar-haalands-_laserstyrte-missil_-1.16113003 Artikkelen har til nå hatt 161 visninger og 5 klikk.
|
|
|