|
|
Bergensk festdag i Toppserien Bergenslaga kunne juble mest i kampane i Toppseriens kvalifiserings-serie søndag. Arna-Bjørnar slo Røa 3-0 heime i Bergen, og Åsane slo TIL 2020 2-0 i Tromsø.
Linnea Laupstad scora det første like før pause, og i andre omgang sikra Miljana Ivanovic og Tomine Svendheim sigeren for heimelaget.
Andrine Mo scora ein gong i kvar omgang for Åsane, som reiste frå Tromsø med tre sterke poeng i bagasjen.
I dagens tredje kamp spela Kolbotn og LSK Kvinner 2-2 i ein kamp som opna livleg. Tonje Pedersen scora på straffe for Kolbotn, men Amanda Johnsson Haahr snudde kampen med to raske scoringar, og LSK leia 2-1 etter ein halv omgang. Eline Hegg utlikna like etter pause, og Kolbotn hadde store sjansar på slutten.
Med fire kampar att er dei to Bergens-laga på første og tredjeplass. Med Brann i tillegg kan det bli tre lag frå byen i Toppserien neste år.
Kolbotn har derimot fårtt ein treig start i denne serien, og ligg nest sist. |
Publisert: 15:05 25-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 25-09-2022 klokken 17:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/bergensk-festdag-i-toppserien-1.16116266 Artikkelen har til nå hatt 289 visninger og 1 klikk.
|
|
|