|
|
U21-laget tapte for Spania Det norske U21-landslaget i fotball leverte ein godkjent kamp, men blei hakket for små mot eit sterkt spansk lag tysdag. Oppgjeret enda med 0-3-tap.
Det spanske U21-landslaget var god matching for Leif Gunnar Smeruds utvalde før neste sommars EM-sluttspel. Spania er ingen kven som helst, og gjekk blant anna utan tap gjennom si EM-kvalifisering.
Etter 38 minutt måtte keeper Kristoffer Klaesson i aksjon med ein flott beinparade på Rodrigo Riquelmes skot. På den etterfølgjande corneren fekk Jose Gragera stå umarkert inne i feltet og sette inn 1–0 frå kort hold.
Abel Ruiz fekk det veldig enkelt inne i det norske feltet då han auka til 2–0 etter 51 minutt.
På tampen fastsette Spania sluttresultatet til 3–0 då innbytar Hugo Novova fekk plass på kanten og sette ballen i mål ved første stolpe bak Klaesson. |
Publisert: 18:31 27-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-09-2022 klokken 17:35. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/u21-laget-tapte-for-spania-1.16119199 Artikkelen har til nå hatt 156 visninger og 3 klikk.
|
|
|