|
|
Doblar talet på sprintløp i formel 1 Neste års VM-kalender i Formel 1 vil innehalde seks sprintløp. Det er tre fleire enn i 2022.
I 2021-sesongen blei det halde sprintløp på Silverstone, Monza og Interlagos-banen. Inneverande sesong blei Imola, Red Bull Ring og Interlagos valt som arrangørar.
– Sprintløp gir ein spennande dynamikk til løpshelgformatet, og har vist seg å vere populært dei siste to sesongane, seier presidenten i Det internasjonale bilsportsforbundet (FIA), Mohammed Ben Sulayem.
Formel 1-sjef Stefano Domenicali seier auken som no er vedtatt, vil gi sporten ein heilt ny dimensjon.
I helger med sprintløp blir kvalifiseringa flytta til fredag. Samtidig blir resultatlista frå laurdagens køyring avgjerande for startrekkefølgja i hovudløpet 24 timar seinare.
Denne sesongen har i tillegg poengea under sprintløypa økt. Vinnaren har fått åtte, mens nummer to og tre får med sju og seks. |
Publisert: 17:33 27-09-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-09-2022 klokken 17:35. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/doblar-talet-pa-sprintlop-i-formel-1-1.16119112 Artikkelen har til nå hatt 145 visninger og 3 klikk.
|
|
|