|
|
Matforgifting kan gi Nusa meisterliga-start Antonio Nusa (17) blei i førre Champions League-runde tidenes yngste nordmann i turneringa. Tysdag får han truleg sjansen frå start mot Atlético Madrid.
Årsaka er at Nusas danske lagkamerat Andreas Skov Olsen har slite med ei matforgifting de siste dagane. Han er uaktuell for spel.
Ifølge den belgiske avisa Het Nieuwsblad inneber det etter alle solemerke at Nusa tar hans plass i startoppstillinga.
17-åringen fekk sjansen som innbytar mot Porto i førre meisterligakamp. Der trakket han for tilliten ved å hamre inn 4-0-målet i kampens 89. minutt. Med det blei han turneringas nest yngste målscorar nokon gang med sine 17 år, fire månader og 27 dagar.
Berre Barcelonas Ansu Fati hadde vore yngre med 17 år og 40 dagar, ifølge Gracenote.
Club Brugge har fått ei kanonstart på Champions League. Laget har vunne de første to kampane mot høvesvis Bayer Leverkusen og Porto. |
Publisert: 10:21 04-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-10-2022 klokken 13:09. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/matforgifting-kan-gi-nusa-meisterliga-start-1.16126178 Artikkelen har til nå hatt 110 visninger og 4 klikk.
|
|
|