|
|
Indonesia-ofra skal minnast Det europeiske fotballforbundet har bestemt at det skal haldast eitt minutts stille før kampar i Uefa-regi denne veka etter tribunetragedien i Indonesia.
Det startar med kveldens meisterligakampar, opplyser forbundet på sine nettsider.
Minst 133 menneske er stadfesta døde etter at ei av dei verste stadionkatastrofene i fotballhistoria utspelte seg i Indonesia laurdag. Supportarar frå klubben Arema FC storma banen etter 2-3-tapet for rivalen Persebaya Surabaya i indonesisk fotball. Banestorminga leidde til det komplette kaos, og politiet tok i bruk tåregass i eit forsøk på å få kontroll på situasjonen.
Mange menneske døydde av kveling eller blei trampa i hel.
Det skal haldast eit minutts stille både i meisterliga-, europaliga-, serieliga- og VM-omspelkampar denne veka.
Av de 133 omkomne skal 37 vere barn og ungdommar. 91 menn og 42 kvinner mista livet. |
Publisert: 11:53 04-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-10-2022 klokken 14:01. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/indonesia-ofra-skal-minnast-1.16126601 Artikkelen har til nå hatt 122 visninger og 4 klikk.
|
|
|