|
|
Minnesota-tap utan Zuccarello Mats Zuccarellos Minnesota Wild gjekk på det første tapet i sesongoppkøyringa heime mot St. Louis Blues i ein treningskamp i NHL. Gjestene vann 4–2.
Det var Wilds tredje treningskamp for sesongen. Zuccarello var for andre kamp på rad ikkje på isen for Minnesota-laget.
Wild vann begge sine to første treningskampar denne sesongen. Den første mot Dallas Stars enda 5–2 til Wild, der Zuccarello noterte seg med ei scoring.
Nordmannen var ikkje i Wild-troppen i kampen mot Chicago Blackhawks, som enda 3–0 til Zuccarellos lagkameratar.
Wild spelar sin neste treningskamp mot Blackhawks natt til fredag. Seinare i oppkøyringa møter dei Stars igjen, før dei sesongopnar i NHL mot Zuccarellos gamleklubb, New York Rangers, 13. oktober. |
Publisert: 05:29 05-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 05-10-2022 klokken 07:34. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/minnesota-tap-utan-zuccarello-1.16127536 Artikkelen har til nå hatt 111 visninger og 1 klikk.
|
|
|