|
|
Niemann vann: – Sjakken snakkar for seg sjølv Hans Niemann vann sitt første parti i den amerikanske sjakkmeisterskapen onsdag overbevisande. Deretter snakka han for første gong om dei nye avsløringane om juks.
– Dette partiet er ein beskjed til alle. Heile denne saka starta med at eg sa at «sjakken snakkar for seg sjølv», og dette partiet gjorde det. Det viste kva spelar eg er, sa 19-åringen.
Ei etterforsking utført av Chess.com avslørte tidlegare i veka viser at Niemann truleg har mottatt ulovleg assistanse i fleire enn 100 onlineparti, også så nyleg som i 2020. Blant disse er fleire arrangement med premiepengar.
Onsdag slo 19-åringen sin fire år yngre motstandar Christopher Yoo. Han deltar eit knapt døgn etter sjokkavsløringa.
– Det viste også at eg ikkje kjem til å gi meg og bukke under for presset. Eg skal spele min beste sjakk her. Det er alt eg har å seie, sa Niemann. |
Publisert: 05:02 06-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-10-2022 klokken 07:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/niemann-vann_-_-sjakken-snakkar-for-seg-sjolv-1.16128950 Artikkelen har til nå hatt 216 visninger og 1 klikk.
|
|
|