|
|
Russarar får delta i Australian Open Russiske tennisspelarar får delta i Australian Open på nyåret. Det opplyste turneringsdirektør Craig Tiley i dag.
Dei internasjonale tennisforbunda har tillate russiske spelarar å delta internasjonalt, trass i sanksjonane mot Russland etter invasjonen av Ukraina i februar.
– Men dei må delta under nøytralt flagg, og nasjonalsogen kjem ikkje til å bli spela, seier Tiley.
Australian Open følgjer dermed Roland Garros og US Open, som har tillate russisk deltaking i år. Men Wimbledon nekta dei å delta. Forbunda svarte med å ta frå turneringa i London rankingpoeng.
Australian Open seier også at Novak Djokovic er velkomen, dersom han får visum. I fjor blei han etter mykje om og men nekta innreise på grunn av manglande vaksinasjon.
Djokovic har vunne Austrlian Open ni gonger. |
Publisert: 05:01 12-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 12-10-2022 klokken 07:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/russarar-far-delta-i-australian-open-1.16136194 Artikkelen har til nå hatt 172 visninger og 1 klikk.
|
|
|