|
|
Kilde vil delta i fleire storslalåmrenn Aleksander Aamodt Kilde (30) vil delta i to av dei tre neste storslalåmrenna. Konkurrentane hans om samanlagtkula i verdscupen har allereie fått eit forsprang.
– Val-d´Isère blir det ikkje, men det blir Alta Badia (Italia, 18.–19. desember) og Adelboden (Sveits, 7. januar), mest sannsynleg, opplyser han til NTB.
Neste storslalåmrenn er i franske Val-d´Isère 10. desember. Dei to vekene før er det fartsrenn i Canada og USA som er prioriteten.
Utforrennet i sveitsiske Zermatt denne veka skulle markert starten på utforsesongen i verdscupen, men vart avlyst på grunn av manglande snø.
Kilde håpa å komme i gang med innhaustinga av verdscuppoeng i storslalåm i Sölden søndag, men han køyrde ut i 2. omgang.
Kilde droppa storslalåm i fjor for å minimere risikoen for kneproblem etter at han sleit korsbandet i kneet januar 2021. Før Sölden uttalte han at storslalåm er som ein bonus.
Kilde vann samanlagtcupen i 2020. |
Publisert: 06:04 24-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 24-10-2022 klokken 08:11. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kilde-vil-delta-i-fleire-storslalamrenn-1.16150227 Artikkelen har til nå hatt 216 visninger og 1 klikk.
|
|
|