|
|
Svingande målfest i Oslo Vålerenga og Sarpsborg 08 veksla på leiinga og spela 3-3 i elitseriekampen i Oslo laurdag kveld.
Gjesten starta i full fart, og leia 2-0 etter 18 minutt, etter mål av Simon Tibbling og Mikkel Maigaard.
Tomålsleiinga heldt i berre to minutt, før Vegar Eggen Hedenstad reduserte. Og på overtid i omgangen dundra Amor Layouni inn 2-2.
Hedenstad var på farten igjen midt i andre omgang, og Vålerenga hadde snudd kampen til 3-2. Men det gjekk berre to minutt, så var det 3-3 ved Guillermo Molins, som hindra Sarpsborgs første tap på åtte kampar.
Med poengtapet er Vålerenga - som hadde tapt dei tre foregåande kampane - utan sjanse på fjerdeplassen som i beste fall kan gi Europa-spel neste sesong. |
Publisert: 17:52 29-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 29-10-2022 klokken 20:29. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/svingande-malfest-i-oslo-1.16158086 Artikkelen har til nå hatt 269 visninger og 1 klikk.
|
|
|