|
|
Sterk innspurt gir Jerv nytt håp Med siste spark på ballen sette Mikael Ugland inn 2-2 for Jerv mot Tromsø, og heldt dermed liv i Jervs håp om ein ny sesong i eliteserien.
Alle måla kom i dei siste 20 minutta i kampen.
To Tromsø-mål i løpet av eitt minutt gav Tromsø 2-0.
Sakarias Opsahl dundra inn det første etter 75 minutt. Mindre enn eit minutt etterpå la same Opsahl pasninga som Eric Kitolano dobla leiinga på.
Jerv slo tilbake med redusering fire minutt før ordinær tid var ute, då Peter Wilson scora på retur frå Tromsø-keeperen.
Og åtte minutt på overtid kom utlikninga.
Jerv er framleis solid plassert i tabellbotnen, men avstanden fram til Sandefjord på kvalikplass er berre fire poeng når to kampar står att. |
Publisert: 18:03 30-10-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-10-2022 klokken 19:37. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sterk-innspurt-gir-jerv-nytt-hap-1.16158895 Artikkelen har til nå hatt 262 visninger og 1 klikk.
|
|
|