|
|
Sein straffe sende Kongsvinger vidare mot eliteserien Kongsvinger spela i over ein time med ti mann, men slo likevel Start 1-0 i Kristiansand. KIL er dermed eitt steg nærmare eliteserien, medan Start er slått ut.
Målet kom på straffe etter 88 minutt. Keeper felte Ludvig Langrekken som var på veg gjennom, og Lars Krogh Gerson scora sikkert på straffen.
KILs Trace Murray fekk raudt kort etter 28 minutt, og etter det var det Start som pressa. Dei hadde sjanse på sjanse, inkludert eit tverrliggartreff. Men fekk ikkje mål.
10 minutt på overtid blei Kongsvinger redusert til ni mann då Fredrik Holmé fekk sitt andre gule kort.
Kongsvinger vann sin tredje strake bortekamp i kvalifiseringa - 1-0 over Sandnes-Ulf, 2-1 over KFUM og no altså 1-0 over Start.. No ventar heime- og bortekamp mot Sandefjord i kamp om den siste plassen i eliteserien komande onsdag og søndag.
Kongsvinger, som spela i 2. divisjon i fjor, blei nummer 6 i årets 1. divisjon. |
Publisert: 18:03 13-11-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 13-11-2022 klokken 19:45. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sein-straffe-sende-kongsvinger-vidare-mot-eliteserien-1.16178099 Artikkelen har til nå hatt 242 visninger og 1 klikk.
|
|
|