|
|
– Forstår dei som boikottar VM Nederland-trener Louis van Gaal meiner tilhengjarar har all rett til å la vere å følgje laget som ein protest mot Qatar som VM-arrangør.
Han håper likevel å lokke tilbake dei som har planar om å droppe å sjå meisterskapen på TV.
– Eg meiner die har rett til å gjere det (boikotte) fordi dei trur på det, så det er ikkje noko problem. Eg håpar vi kan spele så fantastisk at dei til slutt vil følgje oss på TV når vi spelar finalen, seier Van Gaal i dagane før Nederlands opningskamp mot Senegal.
Det er fleire fotballfans som har signalisert at dei ikkje vil sjå VM-kampane frå Qatar. Vertsnasjonen er i årevis blitt kritisert for manglande menneskerettar, dårleg behandling av gjestearbeidarar og lover som forbyr homofili.
Motmælet mot meisterskapen har særleg vore sterk i Europa. Van Gaal gjekk tidlegare i år ut mot Fifa og kalla Qatar-tildelinga som «latterleg». Han gjentok bodskapen onsdag.
– Eg meiner ein bør spele (VM) i fotballand. Dei har meir erfaring med alt.
71-åringen gir seg som fotballtrenar etter sluttspelet. |
Publisert: 11:24 16-11-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 16-11-2022 klokken 12:31. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/_-forstar-dei-som-boikottar-vm-1.16182116 Artikkelen har til nå hatt 192 visninger og 1 klikk.
|
|
|