|
|
Innbyttar Saltnes redda Glimt Bodø/Glimt og Viking har for vane å score mange mål mot kvarandre, men laurdag kveld var det oppsiktsvekkande målfattig mellom laga som «alltid» lagar målfest.
I dei fire kampane Glimt og Viking hadde spelt mot kvarandre før laurdagens oppgjer, var målsnittet på sju mål per kamp.
Denne gangen såg det lenge ut til å bli 0-0.
Men i det 82. minutt steig innbyttar Ulrik Saltnes til værs på eit frispark og fekk stanga inn ei etterlengta leiing.
Bodø/Glimt risikerte å gå mållause av banen for første gang på 15 seriekampar, men kan takke 31-åringen Saltnes for at det ikkje skjedde.
Glimt vann 1-0, har seks poeng på to kampar og leier tabellen før resten av den andre serierunden er ferdigspelt. |
Publisert: 17:57 06-04-2024 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-04-2024 klokken 21:01. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/innbyttar-saltnes-redda-glimt-1.16833905 Artikkelen har til nå hatt 90 visninger og 1 klikk.
|
|
|