|
|
Brann-spelar til tysk storklubb Justine Kielland har signert for Bundesliga-klubben Wolfsburg. Det skriv Brann på sine heimesider.
– Tusen takk for eit heilt fantastisk år! Tida mi i Brann er diverre over for denne gong, men eg har kosa meg kvar dag i Bergen og blitt veldig glad i både klubben, byen og menneska.
Ho held fram:
– No er det Tyskland som ventar for min del. Det var eit vanskeleg val å forlate Brann, men dette var ein moglegheit eg hadde lyst til å ta og kjentes riktig for meg no, seier Kielland.
Midtbanespelaren, som tidlegare i år debuterte på det norske landslaget, har skåra fem mål på 38 kampar, sidan overgangen frå Stabæk fjor haust.
Kielland føyer seg med det inn i rekka av norske kvinner som har spela i den tyske storklubben. Melissa Wiik, Caroline Graham Hansen og Karina Sævik har alle fortid i klubben. |
Publisert: 12:11 01-07-2024 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 01-07-2024 klokken 14:44. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/brann-spelar-til-tysk-storklubb-1.16947770 Artikkelen har til nå hatt 59 visninger og 1 klikk.
|
|
|