|
|
Skytebana i Holmenkollen stengt igjen På nytt er skytebane i Holmenkollen stengt. Bana vart første gong stengt 19 oktober i fjor etter at politiet gjennomførte ein ikkje meldt kontroll av anlegget. Skiforeningen har i lang tid uttrykt bekymring for tryggleiken på standplass.
– Eg synst det er kjempetrist. At det har blitt sånn at dei stenger i seks nye veker no i «primetime» for skiskyting, seier Ingrid Landmark Tandrevold til NRK.
Ho fryktar dette spesielt går ut over yngre som no ønskjer å starte med skiskyting. Nye krav til å ha banemeister på plass under trening har også skapt store utfordringar. Sjølv har ho måtte ty til mamma og pappa for å gjennomføre trening.
Ifølgje leiar for skiskyting i Oslo-klubben Try IL, Randi Torkildsen, har stenginga store konsekvensar for klubben.
– Det er uønskt for oss, men vi forstår at jobben må gjerast for å få til ei permanent løysing. Konsekvensane for oss er store og det er utfordrande for oss som klubb. |
Publisert: 09:59 15-10-2024 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 15-10-2024 klokken 12:09. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/skytebana-i-holmenkollen-stengt-igjen-1.17083745 Artikkelen har til nå hatt 23 visninger og 1 klikk.
|
|
|