|
|
Ikkje medaljeseremoni for kombinert Det blir ikkje delt ut medaljar for den blanda stafetten i kombinert under medaljeseremonien på torget i Trondheim fredag kveld.
Det får NRK bekrefta frå arrangøren.
Norge vann denne øvinga, men det tok svært lang tid frå avslutta konkurranse til blomsterseremoni – på grunn av usikkerheit om kven som vart nummer tre.
FIS bekreftar også nyheita, og viser til omsynet til utøvarane sitt beste – på grunn av all ventinga.
– Vi prioriterer utøvarane si restitusjonstid, skriv FIS i ei melding.
Det blir derimot delt ut medaljar for hopp for kvinner, den første øvinga som vart avslutta fredag.
Her kan ein sjå fredagens medaljeseremoni.
Kombinertutøvarane får utdelt sine medaljar laurdag i staden. |
Publisert: 17:40 28-02-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 01-03-2025 klokken 07:35. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ikkje-medaljeseremoni-for-kombinert-1.17320913 Artikkelen har til nå hatt 162 visninger og 9 klikk.
|
|
|