|
|
Taylor vart syndebukken FA-cupoppgjeret mellom Nottingham Forest og Ipswich måndag kveld gjekk heilt til straffesparkkonkurranse.
George Hirst sende bortelaget Ipswich i leiinga etter 54 minutt. Midt i andre omgang utlikna Ryan Yates til 1–1 for Forest.
Heimelaget kasta innpå blant andre toppscorar Chris Wood på tampen, men det vart ikkje fleire mål i ordinær tid.
Også ekstraomgangane vart mållause.
I straffesparkkonkurransen vart det scora på alle dei ni første straffesparka, før Jack Taylor sitt forsøk vart redda av Forest-keeper Matz Sels.
Dermed er høgtflygande Forest vidare til kvartfinalen.
Der ventar bortekamp mot Brighton. |
Publisert: 22:18 03-03-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-03-2025 klokken 23:29. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/taylor-vart-syndebukken-1.17324339 Artikkelen har til nå hatt 184 visninger og 9 klikk.
|
|
|