|
|
Weng: – Kan ha gått mitt siste VM Heidi Weng klinka til med sølv på femmila i ski-VM søndag.
No røper ho at det kan ha vore hennar siste VM.
– Det får me sjå. I utgangspunktet trur eg det, men ein veit aldri. Eg kjenner det snart er tida for å takke for seg, men ein skal aldri seie aldri. Eg har ikkje bestemt meg for noko, men eg merkar at det har vore mykje stong ut, seier Weng til NRK.
Og utdjupar:
– Eg veit ikkje om eg orkar å legge ned så mykje jobb, som å legge ned mykje trening. Eg har lagt ned mykje trening i år for å kome tilbake på eit høgt nivå. Det er eg veldig stolt og fornøgd over at eg har klart.
– Vurderer du å gi deg etter denne sesongen?
– Nei, det har eg eigentleg ikkje tenkt til. Men me får sjå. Eg må gjere ferdig sesongen og kvile litt, så får me sjå, seier Weng.
Som sa seg spesielt godt nøgd med VM-sølv etter at ho fall tidleg i løpet. |
Publisert: 14:36 09-03-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-03-2025 klokken 15:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/weng_-_-kan-ha-gatt-mitt-siste-vm-1.17332342 Artikkelen har til nå hatt 124 visninger og 9 klikk.
|
|
|