|
|
Jæger klar for finale Henriette Jæger tok seg til finalen på 400 meter i innandørs-VM i Kina. Ho vann heatet sitt med tida 51,42.
– Klar seier, men me har sett ho betydeleg sprekare tidlegare denne vinteren, seier friidrettskommentator i NRK Jann Post.
Dei to beste tidene i heata får velje bane først, og i det neste heatet var det ingen som sprang fortare enn Jæger.
– Eg er veldig fornøgd. Eg sat her nede og var litt småsur på meg sjølv for at eg løp sakte, eller ikkje fekk ein betre tid, men eg ser denne semifinalen gjekk saktare, så da får eg ein bra bane i morgon, seier Jæger til NRK.
Finalen er 13.44 på laurdag. Den kan du sjå på NRK 1. |
Publisert: 12:28 21-03-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-03-2025 klokken 13:43. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/jaeger-klar-for-finale-1.17350254 Artikkelen har til nå hatt 106 visninger og 9 klikk.
|
|
|