|
|
NM-gull til Weng Heidi Weng frå BUL IL tok gull på 5-kilometeren under NM del 2 på Hovden fredag
– Eg er veldig nøgd. Eg var eigentleg stiv frå start til mål, sa Heidi Weng til TV 2 etter løpet.
Midt i rennet var Weng åtte sekund bak Julie Myhre frå Byåsen IL, som tok sølvet.
Myhre sikra seg dermed sin andre NM-medalje på to dagar, sidan ho også var med på å vinne lagsprinten torsdag.
– Dette var tøft. Eg prøvde å disponere det eg hadde, men det var tungt på slutten, sa Myhre til TV 2 etter ho hadde kome i mål, men før ho visste at løpet heldt til medalje.
I mål var Myhre ni sekund bak Weng.
Bronsen gjekk til Guro Bostad frå Strindheim IL. Ho var 15 sekund bak Weng i mål.
– Det var ein krig. Det var berre å gi gass. Fem kilometer, så det er berre å gi gass og miste hovudet, sa Bostad til TV 2.
PS. I ein tidlegare versjon av meldinga stod det at Weng tok sitt første NM-gull sidan 2016. Det er feil. Ho vart også noregsmeister i fjor. |
Publisert: 13:10 28-03-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-03-2025 klokken 21:29. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/nm-gull-til-weng-1.17359929 Artikkelen har til nå hatt 278 visninger og 9 klikk.
|
|
|