|
|
Dro ned shorts på motstandar I oppgjeret mellom Crystal Palace og Bournemouth blei det så høg temperatur at Justin Kluivert valde å dra av shortsen til Ismaïla Sarr.
Situasjon hende like etter pause då Palace lagde eit frispark. Sarr valde å stille seg framfor Kluivert for å hindre han i å sette i gang raskt.
Medan Palace-spelaren stod framfor Kluivert tok nederlendaren tak i shortsen til Sarr og drog han ned på knea.
Sarr stod der dermed i berre undertøyet. Og hadde ikkje nemneverdig hastverk med å dra dei opp igjen, og valde heller å signalisere til dommaren kva som hadde hendt. Kluivert og Sarr begynte deretter å dytte på kvarandre.
Hovuddommar Samuel Barrott valde å gi båe spelarane gult kort for situasjonen.
Kampen enda 0–0. |
Publisert: 16:35 19-04-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-04-2025 klokken 18:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/dro-ned-shorts-pa-motstandar-1.17387492 Artikkelen har til nå hatt 79 visninger og 9 klikk.
|
|
|