|
|
Rosenborg unngjekk cupsmell Det måtte ekstraomgangar til for å skilje laga. Med ti minutt att leverte Emil Konradsen Ceide eit flott dribleraid og la inn i boksen.
Framfor mål sette Iver Fossum inn 3-2-scoringa som blei avgjerande.
Rosenborg var storfavoritt mot Kongsvinger, men 1. divisjonslaget viste at dei ikkje bør bli undervurdert.
Etter ein dryg halvtime styrte Eric Taylor inn 1–0 for heimelaget.
Isak Snaer Thorvaldsson stanga inn utlikninga fem minutt før pause.
Men Kongsvinger var ikkje ferdige med å overraske. Midtvegs i andre omgang sette Noa Williams inn 2–1.
Det gjekk lenge mot ein cupsmell for bortelaget, men med ti minutt att av ordinær tid sørgde Marius Broholm for ekstraomgangar da han scora etter eit flott forarbeid av Konradsen Ceide.
Kven Rosenborg møter i kvartfinalen blir trekt 10.00 på torsdag. |
Publisert: 22:47 20-05-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 20-05-2025 klokken 22:47. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/rosenborg-unngjekk-cupsmell--1.17425548 Artikkelen har til nå hatt 12 visninger og 1 klikk.
|
|
|