|
|
Poengterer viktigheita av Noreg-kampen: – Vår tøffaste motstandar Kven som kvalifiserer seg til VM i 2026 avheng stort av fredagens kamp på Ullevaal. Vinnaren av gruppa går direkte til VM i USA, Canada og Mexico.
– Det er ein viktig kamp. Me møter vår tøffaste motstandar. Me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa Giovanni Di Lorenzo da han møtte pressen før Italia møter Noreg.
Napoli-spelaren fortel at Italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er Noregs farlegaste våpen.
– Me er klar over dei gode spelarane Noreg har. Som Haaland, Ødegaard og Sørloth. Det er kvalitetsspelarar.
Noreg fekk ein draumestart på VM-kvalifiseringa ved å slå Moldova og Israel på bortebane. Italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter Noreg.
Kampen på fredag kan du høyre på NRK Sport frå 20.15. Kampstart er 20.45. |
Publisert: 15:51 03-06-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-06-2025 klokken 18:37. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/poengterer-viktigheita-av-noreg-kampen_-_-var-toffaste-motstandar--1.17442267 Artikkelen har til nå hatt 96 visninger og 9 klikk.
|
|
|