|
|
Montenegrinsk klubb straffast for kampfiksing – blir utestengt frå europeiske turneringar i ti år Den montenegrinske klubben Arsenal Tivat får ikkje lov til å delta i europeiske turneringar dei neste ti åra. Uefa straffar klubben for kampfiksing.
Utestenginga er knytt til ein kvalifiseringskamp i conferenceligaen i 2023.
Det europeiske fotballforbundet gjev klubben ein bot på 500 000 euro, tilsvarande nesten 6 millionar kroner. Fire spelarar og ein klubbfunksjonær er blitt sanksjonert i saka.
Uefa gjev ikkje detaljar om sjølve kampfiksinga, men seier at klubben sitt regelbrot i ein kvalifiseringskamp mot amenske Alashkert. Laga spelte uavgjort 1–1 i Armenia, medan Alashkert vann returoppgjeret i Montenegro 6–1.
(NTB) |
Publisert: 18:50 16-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 16-07-2025 klokken 22:47. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/montenegrinsk-klubb-straffast-for-kampfiksing-_-blir-utestengt-fra-europeiske-turneringar-i-ti-ar-1.17494829 Artikkelen har til nå hatt 103 visninger og 9 klikk.
|
|
|