|
|
Nicolai Budkov Kjær møtte hard motstand – ute av Swedish Open Nicolai Budkov Kjær er ute av ATP-turneringa Swedish Open i Båstad, Sverige.
18-åringen kjempa for ein kvartfinale i ATP 250-turneringa, men møtte hard motstand. Argentinske Sebastián Báez er ranka som nummer 37 i verda, medan Kjær er på 298. plass.
Det såg lenge lyst ut. Bygdøy-mannen vann det fyrste settet overlegent, men argentinaren svarte med same mynt i andre sett. Då Kjær kunne serve inn sigeren på ein 5–4 leiing i det avgjerande settet, braut Báez.
Etter ein jamn kamp på grusen i Sverige, vann Báez til slutt med settsifra 3-6, 6-2, 7–5.
Turneringa i Båstad er nordmannen sin fyrste ATP-turnering, og difor karrierebeste for 18-åringen frå Bygdøy. |
Publisert: 18:27 16-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 16-07-2025 klokken 22:47. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/nicolai-budkov-kjaer-motte-hard-motstand-_-ute-av-swedish-open--1.17494670 Artikkelen har til nå hatt 119 visninger og 9 klikk.
|
|
|