|
|
Sigeren glapp for Abrahamsen få kilometer før mål – spurthåp i bakken Det såg lenge lyst ut for Jonas Abrahamsen som var i brot i om lag 150 av 160 kilometer av den 17. etappen av Tour de France.
I lag med Quentin Pacher, Mathieu Burgaudeau og Vincenzo Albanese, hamna Uno-X-ryttaren i brot frå start.
Då det var 11 kilometer att, rykte Abrahamsen også frå dei tre andre.
– Veldig smart gjort av Plogen, seier TV 2-ekspert Mads Kaggestad etter solorykket.
Abrahamsen blei henta inn av hovudfeltet tre kilometer før mål.
– Eg hadde eit lite håp, sjølvsagt vanskeleg når det er mange lag som prøver å køyre deg inn. Viss du ikkje prøver, så vinn du heller ikkje. Eg har ein siger og det var det eg prøvde. Nokon gonger feilar du og andre gonger vinn du, seier Abrahamsen til TV 2 etter målgang.
Stian Fredheim, blei så Uno-X sitt håp mot etappesiger. Men datt i bakken få meter før mål.
– Nei, der gjekk Fredheim ned, det er mange som har blitt hindra, seier NRKs sykkelkommentator Ole Kristian Stoltenberg.
– Følte eg sat fint, men dei datt framfor meg, seier Stian Fredheim til TV 2.
Han kjem ut fallet med smerter i hofta og skuldra.
Jonathan Milan blei nok ein gong sterkast, og var fyrst over målstreken etter ein høgdramatisk avslutning.
Den 17. etappen var mogleg den aller siste sjansa for spurtarane i rittet, etter endringane på sluttetappen i Paris. |
Publisert: 15:14 23-07-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-07-2025 klokken 17:26. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sigeren-glapp-for-abrahamsen-fa-kilometer-for-mal-_-spurthap-i-bakken--1.17502546 Artikkelen har til nå hatt 126 visninger og 9 klikk.
|
|
|