|
|
PSG-stjerne sikta for valdtekt – påtalemakta ynskjer rettssak Påtalemakta i Frankrike har formelt sikta den marokkanske fotballprofilen Achraf Hakimi (26) for ein påstått valdtekt i 2023.
Den seinaste utviklinga i saka blei kjent fredag. Nyheitsbyrået AFP skriv at påtalemakta no ynskjer at saka går til rettssak.
AFP har meldt at Hakimi skal ha invitert kvinna heim til seg sjølv medan kona og borna var bortreist på ferie.
Hakimi har vore under etterforsking sidan hendinga som skal ha funne stad i februar 2023.
Hakimi har heile tida nekta for å ha gjort noko ulovleg. Han meiner den fornærma kvinna skulda han for økonomisk vinning.
– Sanninga er at når du er suksessrik og ting går bra, blir du eit lett mål for personar rundt deg, og det har lært meg å ikkje stole på for mange, har Hakimi sagt, ifølgje Le Parisien.
Advokaten til Hakimi meiner han er offer for utpressing.
(NTB) |
Publisert: 17:05 01-08-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 01-08-2025 klokken 19:21. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/psg-stjerne-sikta-for-valdtekt-_-patalemakta-ynskjer-rettssak-1.17513231 Artikkelen har til nå hatt 30 visninger og 1 klikk.
|
|
|