|
|
Svake Europa-utgangspunkt for Rosenborg og Fredrikstad Rosenborg dominerte i banespelet i Serieliga-oppgjeret mot Hammarby, men dei sleit med å produsere særleg med sjansar.
Det blei ingen mål i kampen og Rosenborg har med det ikkje eit optimalt utgangspunkt før returoppgjeret i Stockholm neste veke.
Mållaust blei det ikkje i Fredrikstad, men dessverre for heimelagets del var det Midtjylland som sto for dei fleste nettkjenningane i kvalifiseringa til Europaligaen.
Første omgang blei tøff for Fredrikstad. Etter eit knapt kvarter sette Franculino inn leiinga for danskane.
Etter ein dryg halvtime blei vondt til verre da Denil Castillo sette inn kampens andre for Midtjylland.
Eit håp blei tent før neste vekes returoppgjer da Joannes Bjartalid sette inn reduseringa for FFK, men det tok ikkje mange minutt før dei kom ned på jorda igjen da Castillo scora igjen.
Kampen enda 1–3. |
Publisert: 17:54 07-08-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-08-2025 klokken 20:34. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/svake-europa-utgangspunkt-for-rosenborg-og-fredrikstad-1.17520341 Artikkelen har til nå hatt 12 visninger og 5 klikk.
|
|
|