|
|
Landslagsløpar sendt til røntgen etter fall under Toppidrettsveka Jan Thomas Jenssen må på røntgen etter at han datt før sprinten under Toppidrettsveka.
– Eg skal til Orkanger og ta røntgen, så eg kjem ikkje til å starte, seier Jenssen til NRK.
Landslagsløparen skulle eigentleg gått prolog, men datt i den eine svingen i sprintløypa.
– Eg tok meg for med høgrearmen. Eg hadde «jækla til fart». Det var vondt med ein gong, seier Jenssen som har ein ispose på armen.
– Eg tryna i ein av svingane nedi her. Vi har medvind nedi her. Og det er ikkje ein særleg artig sving å ta berre når ein er aleine, seier Jenssen og legg til:
– Eg er veldig spent på når det skal bli sendt ut fem-seks herrar og damer her. |
Publisert: 15:49 23-08-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-08-2025 klokken 17:55. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/landslagslopar-sendt-til-rontgen-etter-fall-under-toppidrettsveka-1.17539258 Artikkelen har til nå hatt 16 visninger og 2 klikk.
|
|
|