|
|
Fosser og Vik fekk kongepokalen i orientering Kasper Fosser og Pia Young Vik vann i dag kongepokalane i orientering.
– Eg er kjempefornøgd. Det er eit løp nesten heilt utan feil, seier Kasper Fosser etter sin suverene siger på NM-mellomdistanse på Lygna i dag.
Fosser enda halvanna minutt framfor Isak Jonsson. Langdistansevinnaren frå torsdag, Lukas Liland, fekk bronsen.
Fosse innkasserte sin tredje kongepokal.
I kvinneklassa var det Pia Young Vik som var best, som vann over veteran Anne Margrethe Hausken Nordberg. Vinnaren på langdistansen, Marie Olaussen, måtte nøye seg med bronsen.
– Det er skikkeleg kult å vinne kongepokal, seier Vik.
Ungjenta gjer sin andre sesong i seniorklassa og har hatt ein suksessfull NM-veke, med bronse på langdistanse på torsdag og gull på laurdag. Ho har også gull og sølv frå sprint-EM i Belgia førre veke. |
Publisert: 14:18 06-09-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-09-2025 klokken 16:31. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/fosser-og-vik-fekk-kongepokalen-i-orientering-1.17558448 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|