|
|
New Zealand før Noreg-kampen: Meiner dei har betre sjansar utan Haaland – Det er alltid bra å spele mot dei beste spelarane i verda, seier Darren Bazeley, landslagstrenar for New Zealand då han prata pressa på måndag.
Søndag kom nyheita om at Ståle Solbakken sender heim fleire landslagsstjerner før privatlandskampen mot New Zealand på tysdag.
Felix Horn Myhre dreg heim på grunn av ankeltrøbbel. I tillegg dreg Alexander Sørloth, Julian Ryerson, Fredrik André Bjørkan og Erling Braut Haaland heim.
Bazeley meiner New Zealand har betre sjansar utan Haaland på topp.
– Erling Braut Haaland er blant verdas beste. Veit ikkje om det er skuffande å ikkje spele mot han. Men det blir lettare, seier han.
Han held fram:
– Han er ein stor målskårar, når han ikkje er på banen er dei ikkje like gode.
Solbakken kunne mellom anna dele at Sebastian Sebulonsen og Sverre Nypan får prøve seg mot New Zealand på Ullevaal stadion, tysdag. |
Publisert: 07:35 13-10-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 13-10-2025 klokken 11:26. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/new-zealand-for-noreg-kampen_-meiner-dei-har-betre-sjansar-utan-haaland-1.17608904 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|