|
|
Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig" Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.
Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».
«Uspiselig» kallar Grundetjern det.
I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».
– Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.
Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.
– Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.
– Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj. |
Publisert: 18:11 19-10-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-10-2025 klokken 20:13. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/feira-framfor-valerenga-fansen_-_uspiselig_-1.17618307 Artikkelen har til nå hatt 8 visninger og 0 klikk.
|
|
|