|
|
Jessie Diggins gir seg etter OL-sesongen: – Det blir vanskeleg Langrennsløpar Jessica Diggins legg opp etter sesongen, skriv ho i eit innlegg på Instagram.
– Det blir vanskeleg å gå bort frå sporten og laget eg elskar så høgt, men det følast også riktig i hjartet mitt, eg gler meg til å opne eit nytt kapittel i livet mitt, skriv amerikanaren.
– Langrenn har gitt meg meir glede, motstand, mot og fellesskap enn eg nokon gong kunne førstilt meg, legg ho til.
Diggins har i ei årrekke vore blant verdas beste langrennsløparar. Ho vann verdscupen samanlagt sist sesong.
I alt har langrennsløparen tatt ti internasjonale meisterskapsmedaljar på seniornivå. Ho har også 25 enkeltsigrar i verdscupen.
Eit OL-gull i lagsprint og to VM-gull i lagsprint og 10 kilometer fristil har blant anna også funne vegen til det som har blitt ein innhaldsrik merittliste. |
Publisert: 12:06 19-11-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-11-2025 klokken 13:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/jessie-diggins-gir-seg-etter-ol-sesongen_-_-det-blir-vanskeleg-1.17659353 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|