|
|
Smerud ferdig som Brann-trenar Leif Gunnar Smerud er ferdig som trenar for Brann kvinner.
Det melder klubben på sine nettsider.
Avgjerda kjem etter eit kort innhopp i trenarrolla for Smerud, som enda med svært gode resultat.
Sesongen enda med seriegull, og Brann vann alle kampar i Toppserien sidan Smerud tok over i august. Smerud blei òg kåra til Årets trenar i Toppserien.
– Etter sesongen har me hatt gode samtalar, som viser at me tenker ulikt om vegen vidare, skriv klubben.
– Sjølv om ein går inn i noko med dei aller beste intensjonar, så veit alle som har hatt nokre jobbar, at det ikkje er alt ein ser før ein har tatt fatt, seier Smerud i pressemeldinga.
– Eg vil takke spelarane, støtteapparatet, klubben og supporterane for tida saman – og ønsker Brann alt det beste vidare. |
Publisert: 18:49 25-11-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-11-2025 klokken 04:06. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/vestland/smerud-ferdig-som-brann-trenar-1.17667489 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|