|
|
Tung dag for Tandrevold – får ikkje gå jaktstarten Ingrid Landmark Tandrevold får ikkje gå jaktstarten på søndag. Det blei klart etter at ho hamna utanfor topp 60. på skiskyttar-sprinten i Östersund fredag.
– Eg startar jo med å bomme to på liggande. Så set eg meg i ein veldig dårleg posisjon. Ein litt uvant posisjon, seier ho til NRK etter løpet.
Ho fekk total fem bom og hamna på ei 69. plass på sprinten. Det er ikkje godt nok til å få starte.
– For min del nå blir det vel ein del kviledagar. For eg tvilar på at eg får gå jaktstarten. Eg prøvde på å gå for å kunne gå ein jaktstart, seier ein skuffa Tandrevold.
Den norske skiskyttaren hadde god fart i sporet inn til fyrste skyting, men med to bom på liggande etterfylgt at tre bom på ståande, blei det for tøft.
Maren Hjelmeset Kirkeeide blei best av dei norske. Med ni treff, hamna ho på ein sjuandeplass. Med ingen bomskot hamna Marit Øygard på ein 26.plass, som er karrierebeste for 26-åringen.
Finske Suvi Minkkinen vann sprinten, svenske Anna Magnusson hamna på ein andreplass og franske Oceane Michelon tok tredjeplassen. |
Publisert: 17:54 05-12-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 05-12-2025 klokken 17:54. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tung-dag-for-tandrevold-_-far-ikkje-ga-jaktstarten-1.17681518 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|