|
|
City rann over Exeter – vann 10–1 Manchester City vann overlegent 10–1 over Exeter City i den tredje runden av FA-cupen.
Manchester City tok kommandoen frå start og leia alt etter tolv minutt. Max Alleyne sette inn det første målet for heimelaget, før Rodri dobla leiinga kort tid etter.
Like før pause auka City til 4–0 då Jake Doyle-Hayes var uheldig og skåra på si eiga klarering. Dermed kunne City gå i garderoben med ei komfortabel firemålsleiing.
Erling Braut Haaland var med i startoppstillinga til City, men gjekk mållaus av banen før han blei bytt ut i pausen.
Målfesten heldt fram etter kvila. Antoine Semenyo skåra sitt første mål for klubben og til slutt stoppa det ikkje før vertane hadde sett ti ballar i nettet, i det som blei ein total audmjuking av Exeter.
Gjestane fekk med seg eit trøystemål på slutten og City vann 10-1. |
Publisert: 16:54 10-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 10-01-2026 klokken 18:39. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/city-rann-over-exeter-_-vann-10_1-1.17722376 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 0 klikk.
|
|
|