|
|
Arsenal utan Ødegaard vann igjen – ni poeng ned til Manchester City Eit Arsenal utan Martin Ødegaard i troppen tok imot Sunderland i London. Sjølv om Arsenal sin trenar, Mikel Arteta, var optimistisk før kampen med tanke på skadestatusen på laget, lét han Ødegaard få kvile denne kampen.
Han stod også over midtveke kampen mot Chelsea grunna ein muskelskade.
Sunderland og Brobbey var farleg frampå i starten. Keeper Raya hamnar ute av mål, men skotet blir blokkert av ein riktig plassert Havertz.
Etter dette var det Arsenal som styrte skuta. Eit vedvarande trykk gav til slutt resultat for dei raude og kvite.
Trossard fant Martín Zubimendi som frå 20 meter skyt ein markkrypar via nærmaste stolpe og i mål, like før pause.
Andre omgangen fortsette i same sporet som den første.
Etter 66 minutt vinn Arsenal ballen høgt. Havertz tar den med seg inn i feltet og slipp elegant vidare til Gyökeres som set den kontant i mål frå kort hald.
På overtid set svensken sit andre for dagen etter ei sloid kontring av vertane.
Arsenal vinn kampen 3–0 og har 56 poeng i Premier League denne sesongen. Det er ni poeng ned til Manchester City som skal spele borte mot Liverpool i morgon.
Sunderland ligg på 9. plass med 36 poeng.
Martin Ødegaard er venta å vere klar til neste kamp. |
Publisert: 16:57 07-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-02-2026 klokken 18:10. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/arsenal-utan-odegaard-vann-igjen-_-ni-poeng-ned-til-manchester-city-1.17760027 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 0 klikk.
|
|
|