|
|
Frida Karlsson mistar OL-femmila etter sjukdomstrøbbel Sveriges største gullhåp Frida Karlsson slit med feber og går ikkje femmila i OL.
Den svenske skistjerna delte sjølv nyheita på Instagram, der ho publiserte eit bilete frå hotellsenga med beskjed om at ho har fått feber.
Allereie fredag blei det kjent at Karlsson var isolert frå resten av den svenske troppen på grunn av forkjølingssymptom.
Laurdag stadfestar det svenske skiforbundet at tilstanden ikkje har betra seg. I samråd med det medisinske teamet har ho difor vedteke å stå over den siste øvinga i meisterskapet.
Langrennsstjerna har vist at ho har vore i kjempeform så langt under leikene i Italia. Ho opna meisterskapet med ein overlegen siger på fellesstarten med skibyte, før ho følgde opp med eit nytt gull på 10 kilometer fristil.
Søndagens femmil er den siste øvinga for langrennsløparane dette meisterskapet. |
Publisert: 17:53 21-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 21-02-2026 klokken 20:18. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/frida-karlsson-mistar-ol-femmila-etter-sjukdomstrobbel-1.17780080 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 0 klikk.
|
|
|