|
|
Møter truleg Marokko i VM-generalprøve Det norske herrelandslaget i fotball møter truleg Marokko i den siste offisielle landskampen før VM i sommar.
Det røpte landslagssjef Ståle Solbakken då han presenterte troppen som skal møte Nederland 27. mars og Sveits fire dagar seinare.
Under pressekonferansen kviskra han eit land til medieansvarleg. Fleire spekulerte i at det kunne vore Marokko. Då han fekk spørsmål frå NRK svarte han:
– Det var nokon som påstod det. Kanskje.
Landslagssjefen var meir open om det i prat med NTB:
– Me håpar på det. Det har vore klart ei stund, sjølv om det ikkje er heilt på plass. Eg føler at det er ein dårleg bevart løyndom, og eg har fått det spørsmålet ganske mange gonger om kven me skal møte.
– Kor viktig er det at Noreg ikkje møter eit lag frå Europa i ein slik kamp?
– Det passar bra, i og med at me møter Senegal i kamp to i gruppespelet i VM, sa Solbakken.
Marokko tapte finalen i Afrikameisterskapen mot VM-motstandaren til Noreg, Senegal, men blei denne veka tilkjend sigeren. |
Publisert: 12:54 18-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 18-03-2026 klokken 14:00. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/moter-truleg-marokko-i-vm-generalprove-1.17814925 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 1 klikk.
|
|
|