|
|
Noregs VM-kvalifiseringstropp mot Slovenia Dei norske fotballkvinnene skal ut i eit dobbeltoppgjer mot Slovenia i VM-kvalifiseringa. Først på heimebane på Ullevaal stadion 14. april, før dei reiser til Slovenia 18. april.
Noreg har tre poeng på dei første to kampane og ligg på andreplass i gruppa. Noreg vann sin første kamp 1–0 mot Austerrike, før dei tapte stort for Tyskland 0–4.
– Vi ønsker å prestere og fortsette slik vi gjorde mot Austerrike og Tyskland. Slovenia er eit velorganisert lag, det blir ein stor test for oss, sa landslagstrenar Gemma Grainger på pressekonferansen.
Guro Reiten sin overgang til USA og Gotham FC vart eit tema på pressekonferansen.
– For meg er det viktig at Guro er glad både på og utanfor bana, og dette verka som ein veldig positiv overgang for ho. Og det er det viktigaste for oss.
Dette er troppen:
Keeperar:
Cecilie Hauståker Fiskerstrand, Selma Panengstuen, Sunniva Skoglund
Forsvar:
Tuva Hansen, Guro Bergsvand, Thea Bjelde, Marit Bratberg Lund, Mathilde Hauge Harviken, Julie Blakstad, Ingrid Syrstad Engen, Marthine Østenstad
Midtbane:
Vilde Bøe Risa, Guro Reiten, Justine Kvaleng Kielland, Lisa Fjeldstad Naalsund, Frida Leonhardsen Maanum, Karina Sævik, Emilie Joramo
Angrep:
Signe Gaupset, Synne Sofie Kinden Jensen, Caroline Graham Hansen, Ada Martine Stolsmo Hegerberg, Elisabeth Terland, Cathinka Tandberg
Emilie Woldvik og Andrea Norheim er også med som treningsspelarar i troppen.
Kvinnene sitt fotball-VM går av stabelen i Brasil sommaren 2027. Berre gruppevinnaren i kvalifiseringa tar seg direkte dit, medan resten skal ut i omspel. |
Publisert: 12:09 30-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-03-2026 klokken 15:40. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/noregs-vm-kvalifiseringstropp-mot-slovenia-1.17830812 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|