|
|
Dembélé blei tomålsskårar då PSG tok seg til semifinale i Meisterligaen PSG er klar for sin tredje strake semifinale i Meisterligaen etter å ha slått Liverpool 4-0 i kvartfinalen.
Etter ein halvtime spelt datt Liverpools Hugo Ekitiké av eigen maskin og blei liggande. Han måtte berast ut på båre.
Inn kom Mohamed Salah, som bidrog til kampens første store sjanse. Han kom med eit innlegg til Konaté som stod framfor mål. Lenger kom ikkje ballen.
I andre omgang hadde Liverpool føringa heilt til PSGs Ousmane Dembélé fekk ballen etter 73 minutt. Han skåra frå 20 meter.
– Det var nok nådestøyten det. Liverpool skal ha for forsøket. Dei har vore veldig gode etter pause, men dette er klasse av Ousmane Dembélé, sa TV2s Simen Stamsø Møller.
På overtid blei Dembélé tomålsskårar for PSG. Han skaut mellom beina på keeperen eitt minutt på overtid.
PSG vann samanlagt 4-0 og er klar for sin tredje strake semifinale i Meisterligaen. Der kjem dei til å møte enten Bayern München eller Real Madrid. |
Publisert: 21:00 14-04-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 14-04-2026 klokken 23:07. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/dembele-blei-tomalsskarar-da-psg-tok-seg-til-semifinale-i-meisterligaen-1.17846983 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|