|
|
Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo Barcelona skal spele finale i Meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over Bayern München søndag.
Det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. Barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen.
– Dette er ein draum, sa Lianne Sanderson på Disney +.
Den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga Caroline Graham Hansen serverte til Salma Paralluelo.
Men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då Linda Dallmann skåra for Bayern München.
Alexia Putellas sende heimelaget i leiinga, før både Ewa Pajor og Putellas auka for Barcelona.
Bayern München tente eit lite håp då Pernille Harder reduserte i det 71. minutt. Ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert.
Barcelona skal spele finale i Meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. I finalen møter dei franske Lyon. Finalen blir spelt på Ullevaal stadion i Oslo laurdag 23. mai.
I finalen møter Barcelona-spelarane Graham Hansen og Martine Fenger dei norske stjernene Ingrid Syrstad Engen og Ada Hegerberg, som spelar for Lyon. |
Publisert: 18:48 03-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 03-05-2026 klokken 18:48. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/barcelona-vann-maldrama-_-skal-spele-meisterligafinale-i-oslo-1.17869681 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 0 klikk.
|
|
|