|
|
Tromsø beheld tabelltoppen – Viking hakk i hæl Tromsø toppar tabellen i Eliteserien, etter siger over Molde søndag.
Tromsø vann 2–0 over Molde etter ei sein skåring av Isak Vådebu. Sju minutt på overtid dobla Troy Nyhammer leiinga til heimelaget. Sigeren sender Tromsø på tabelltoppen.
Men Viking er hakk i hæl med to kampar færre spelt. Fjorårets serieleiar vann 2-0 over KFUM.
Allereie etter to minutt tok Viking leiinga då Peter Christiansen skalla ballen i mål.
Og rett før pause blei det tøffare for KFUM. Momodou Lion Njie fekk sitt andre gule kort då han takla Vikings Zlatko Tripic. Heimelaget måtte spele resten av kampen med ti mann.
I andre omgang dobla Christiansen leiinga då han skåra i det 79. minutt for Viking. Viking vann 2-0.
Med det held dei også fram med sigersrekkja si i Eliteserien. No står dei med sju sigrar på rad. |
Publisert: 19:03 10-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 10-05-2026 klokken 19:03. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tromso-beheld-tabelltoppen-_-viking-hakk-i-hael--1.17878791 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|