|
|
Kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord: – Det var ikkje varsla at eg skulle springe så fort Salum Kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord for parautøvarar i T13-klassa då han sesongdebuterte på 100 meter på KFUM nasjonalt stemne på tysdag.
Kashafali sprang inn på tida 10.34, som er personleg rekord. Hans tidlegare rekord er på 10.38.
– Det er det beste eg har sprunge nokosinne, seier Kashafali til NRK.
Han slo også verdsrekorden i T13-klassen, men tida er uoffisiell.
– Grunnen til at det ikkje er offisielt, er at det ikkje var varsla at eg skulle springe så fort.
Kashafali forklarar at det heller ikkje var testarar eller kontrollørar frå Antidoping til stades.
Tida 10.34 er også norsk bestenotering for funksjonsfriske denne sesongen.
– Dette er eit bra utgangspunkt. Det er ei god opning. Det lovar veldig bra. Det er ein lang sesong, seier Kashafali og held fram:
– Det er den beste sesongstarten eg har hatt. Eg trudde ikkje det var mogleg å springe så fort så tidleg for meg. |
Publisert: 19:46 19-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-05-2026 klokken 19:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kashafali-sprang-inn-til-uoffisiell-verdsrekord_-_-det-var-ikkje-varsla-at-eg-skulle-springe-sa-fort-1.17889845 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|