|
|
Historisk siger til Uno-X-ryttar i Giro d´Italia Uno-X-ryttar Fredrik Dversnes Lavik kjempa seg inn til siger på den 15. etappen av i Giro d´Italia. Det er 17 år sidan sist ein nordmann tok ein etappesiger i rittet.
– Eg fekk supergod hjelp frå gutane bak. Eg trudde eg hadde gode sjansar. Eg er ganske god i brot. Dette var mi sjanse, seier Lavik til HBO Max.
Då det var rundt 14 mil att av etappen hamna Lavik i eit firemannsbrot i lag med Martin Marcellusi, Mattia Bais og Micro Maestri. Hovudfeltet hadde under eitt minutt opp til leiargruppa, men greidde aldri å hente brotet inn.
I spurten var Lavik best. Og tok Uno-X sin første siger i Giroen.
– Det er heilt utruleg. Me har kjempa hardt i mange dagar. Me gir aldri opp. I dag fortente me dette, seier lagsjef Thor Hushovd til HBO Max.
Førre gong ein nordmann vann ein etappe i Giro d´Italia var 15. mai 2009, då Edvald Boasson Hagen gjekk til topps på den 7. etappen.
29-åringen fra Egersund er den femte nordmannen til å ta ein etappesiger i Grand Tour-rittet i Italia.
Den 15. etappen gjekk frå Voghera til Milano og på 157 kilometer. Maestri køyrte inn til andreplass, medan Marcellusi blei nummer tre. |
Publisert: 17:36 24-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 24-05-2026 klokken 17:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/historisk-siger-til-uno-x-ryttar-i-giro-d_italia--1.17895605 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|