|
|
Ny storsiger til Uno-X – Charmig vann etappe i Tour Auvergne-Rhône-Alpes Uno-X-ryttar Anthon Charmig tok ein knusande etappesiger i Tour Auvergne-Rhône-Alpes.
– Det er ei fantastisk kjensle. Eg får ikkje sjansen kvart år. Det er ei fantastisk kjensle, seier Charmig til Eurosport.
Dansken var i brot frå starten av den 234 kilometer lange etappen, men stakk frå brotet i den siste kategoriserte stigninga med tolv kilometer att mot mål.
I mål kunne han krysse målstreken aleine. Sigeren i Frankrike er danskens andre proffsiger. I 2022 vann han ein etappe av Tour of Oman.
Sigeren i Tour Auvergne-Rhône-Alpes er Uno-X sin sjette denne sesongen, tre av dei i verdstouren.
Lagkompis Fredrik Dversnes Lavik tok ein etappesiger i Giro d´Italia i slutten av mai.
Uno-X stiller med sterkt lag i det franske rittet. Tobias Halland Johannessen er blant dei som deltar i rittet ein månad før Tour de France byrjar.
Måndagens etappe i Tour Auvergne-Rhône-Alpes er den andre av åtte etappar. Rittet varer til søndag. |
Publisert: 15:11 08-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 08-06-2026 klokken 17:28. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/ny-storsiger-til-uno-x-_-charmig-vann-etappe-i-tour-auvergne-rhone-alpes--1.17912946 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|